Kongekveld på Iris Scene

Det var fira  godt vaksne, fantastiske, samspelte, allsidige og jordnære musikarar som slo ann tonen på haustsesongen på Iris på fredag (8/8), det er godt og koma i gang igjen sa Legård.

Patey's Pipe var " gruppo" som Lokstutøve hadde hanka inn til begynna musikkhausten, det var ein "innertiar" Bent Patey, med den beste Les Paul lyden på Iris nokon sinne.
Brynjulf Bliks på keyboard, spelte så bra at ”Geiren”  satt med tårer langt inn i augene. Frode Larsen på bass ,song så han trigga " Tottakjenslene" til Randi og underteikna. Olav Kongen Gustavsson, trommer var så stødig at Svein måtte setta seg nedpå litt, men bare så vidt.

Det var lett og sjå og høyra at denne gjengen elska og spela saman på ein scene.

Lyden var som vanleg knallgod , sjølv om lydmannen har " snaua" seg.

Dei som jobba denne Kongekvelden og som hadde styringa i og utanfor baren, var Alf, Kristine, Ingunn, Øyvind, og Stein Egil.

Tekst og foto: Vidar Fjæra.


Nyklippt lydmann. Foto. Vidar Fjæra. I baren. Foto. Vidar Fjæra. Par i hjerter. Foto. Vidar Fjæra. Gipson les paul, for ein lyd. Foto. Vidar Fjæra. På trommene. Foto. Vidar Fjæra. For ein godlyd i den gitaren. Foto. Vidar Fjæra. Han Frode... Foto. Vidar Fjæra.