"Hyrdestund" for alle som liker Rolling Stones

For ein kveld!

Det blei ei "verbal hyrdestund" på Iris Scene då Bård Ose entra scenen og fortalde om damene til Rolling Stones . Om korleis dei delte damene i mellom seg, og om sangane dei skreiv om damene sine. Noko visste me fra før, men sånn som Bård Ose fortalte det på scenen den lørdagskvelden - det hadde me ikkje hørt før.

Etter ein liten pause var me klar for ei "hyrdestund" til. "Musikalsk  hyrdestund" denne gang.
Rolling Clones , med Bård Ose i spissen, dansa, sang og vrikka seg i kjent Mick Jagger stil. Det var meir enn ei som konverterte til Stones klanen den kvelden, og det er jo bra.

Clones består av Mads Eriksen på gitar og sang, Beinet gitar og sang, Pytten bass og sang, Erik Bergesen på trommer og Bård Ose sang og munnspill.

Når denne gjengen her som har meir en 30 års erfaring, eller "røynsle" som Tone vil ha sagt og skreve det, tar seg laus så måtte det bare bli så jæla bra. Og det blei det, verdens nest beste Rock' n roll band var verdens beste Rock' n roll band  på Iris scene denne lørdagskvelden.

Sjøl om lyden var litt ruffste av og til, gjorde det ingenting, det skal bare væra sånn.
Eg har ikkje opplevd Rolling Stones på ei clubscene før, og komme nok ikkje til og gjøra det heller. Men prøv og tenk dåkke tilbake til midten av 60- tallet i London ein plass. Då ville det ha hørt ut sånn som på Iris Scene lørdag 25. Oktober 2014  i Norge ein plass.

Det einaste som mangla var Ian Stuart venta med bandbilen utanfor.

Takk Rolling Stones for Rolling Clones,


Tom Sigar.


Sjekk video:

Rolling Clonesvideo from Blueslaget lokst utøve on Vimeo.

Tekst/foto: Vidar Fjæra

* Sjekk også ut omtale av kvelden i lokalradioen Radio Folgefonn!



/bilder/2014/Konserter/Rolling_Clones/2_DSC06630_bard_ose.jpg Rock `N` Roll Publikum fulgte med På bass. Publikum lo godt! Og var i godt humør hele kvelde...