Ein hyllest til The Beatles og mødrene!

Renate Gillan refererer frå ein kveld med Beatles, Ose og Lazy.

Då eg gjekk i 5. klasse, fant eg ei bok om John Lennon på skulebiblioteket. Læraren min ba

meg om å bytte bok, «for den boka er for tjukk og vanskeleg». Som tiåringar flest fekk eg

berre meir lyst til å lese den då. Eg lånte boka og las den ut på tre dagar. Etter dette utviklet eg

ein fascinasjon for denne John Lennon figuren.

 Dette er heile 14 år sidan, og med åra har interessa for The Beatles berre blitt sterkare og

sterkare. Eg tørr ikkje tenke på kor mange timar eg har brukt på jenterommet, med å lese om

bandet, se dokumentarar om dei, og sjølvsagt høyre på platene om og om igjen. Undertegnede

såg derfor sjukt fram til Beatleskveld med Bård Ose.

Som den Beatles-entusiasten eg er, så kjenner eg godt til radioprogrammet «Vår daglige

Beatles» med Bård Ose og Finn Tokvam. Å velje mellom Ose og Tokvam, blir vel kanskje litt

som å velje mellom John Lennon Og Paul McCartney. Uansett, i kveld var det Beatleskveld

med Bård Ose.

Temaet for kvelden var «The Beatles og mødrene». For både Lennon og McCartney er

kanskje akkurat mødrene, det aller såraste dei skreiv tekstar om. Mary McCartney, mor til

Paul døde av brystkreft då han berre var 14 år. John Lennon vokste opp hos tanta si, Mimi

Smith. I tenåra fikk han igjen kontakten med mor si, Julia Lennon. Men i juli 1958 skjer det

forferdelige, Julia blir påkjørt av ein politibil og drepen. John Lennon er då berre 17 år.

Bård Ose tar oss med på ei musikalsk reise i 60-tallet. Eit tiår der uskylden blei satt på prøve,

og noen av historiens finaste plater blei spelt inn. Vi får høyre historien bak blant annar låtar

som «Do you want to know a secret?», «Blackbirds», «Yesterday», og «I will». Vi får vite

kven denne «Mother Mary», som Paul synger om i «Let it be» er. Og vi får høyre om to av

historiens dyktigaste musikarar sitt såre savn etter ei mor. Det heile blei avslutta med «The

long and winding road», og det er mulig at undertegnede blei litt ekstra blaut i augene då.

Å se den engasjerte Bård Ose fortelje om The Beatles er fascinerende. Han forteljer på ein

måte som gjer at, uansett kor mye du har høyrt på bandet tidligare, så blir dette spanande. Eg

trur vi alle lærte noko nytt etter denne kvelden.

Kvelden  blei avslutta med Lazy konsert. Bandet hadde for anledninga kledd seg opp i

Beatles-trøyer og spelte Beatleslåtar. Konserten enda med at Bård Ose og Terje Hultstrand

saman song «I wanna be your man». For ein kveld!

Tekst og foto: Renate Gillan



/bilder/2014/Konserter/Bard_Ose_Beatles_og_Lazy/IMG_1989.JPG /bilder/2014/Konserter/Bard_Ose_Beatles_og_Lazy/IMG_1991.JPG /bilder/2014/Konserter/Bard_Ose_Beatles_og_Lazy/IMG_1997.JPG /bilder/2014/Konserter/Bard_Ose_Beatles_og_Lazy/IMG_1998.JPG /bilder/2014/Konserter/Bard_Ose_Beatles_og_Lazy/IMG_2001.JPG /bilder/2014/Konserter/Bard_Ose_Beatles_og_Lazy/IMG_2004.JPG /bilder/2014/Konserter/Bard_Ose_Beatles_og_Lazy/IMG_2020.JPG /bilder/2014/Konserter/Bard_Ose_Beatles_og_Lazy/IMG_2024.JPG