Planet Parker imponerte i Odda

Oddablues.no utsendte reporter vart imponert på Iris Scene lørdag 31/1!

Pastor Skjerven ba ei lita bønn om at det skulle bli bra i kveld.

Og det blei jæla bra,

Planet Parker er eit veldig bra Pink Floyd tribute band. Det begynte forsiktig med Shine on you crazy dimond , så auka det på , bandet blei meir og meir varme i trøyo. Publikum strøyma på, det var nær 150. stk inne på Iris Scene denna siste dagen i januar. Sett 1 avslutta med Another brick in the wall til full allsang , så det var bare og gleda seg til
sett 2…

Ånei folkens, eg har ikkje glømt det besta denne kvelden, kordamene til Planet Parker var noko heilt fantastisk flinke til og synga og kora og ooah og flotte var dei og. Det virka som pausen hadde gjort heile bandet godt, saxofon , bandet og koret, blei bare bedre og bedre. Brain Damage, Eclipse, Wish you were here satt som ei kula.

Pastor Skjerven som til vanleg er ein roleg og sindig kar, var denne kvelden heilt øve seg av begeistring… Han kan ikkje «be» om meir. Så detta var bra!

Vidar

Tekst og alle foto. Vidar Fjæra.



Pastor Skjerven. Foto. Vidar Fjæra. Publikum. Foto. Vidar Fjæra. Billettselgere, flinke og flotte. Foto. Vidar Fjæra. Sceneglede. Foto. Vidar Fjæra. Iris Scene, Planet Parker - Pink Floyd. Foto. Vidar Fjæra. Kordamene er flotte. Foto. Vidar Fjæra. kordamene er flinke. Foto. Vidar Fjæra. Sceneglød. Foto. Vidar Fjæra.