Konsert med Lazy

Allsang, dans og bra stemning!

Fredag 27. juli var det konsert med Lazy på Iris Scene.

Etter mange år på scenen, er Lazy ein god, gammel kjenning for folk i Indre Hardanger. Når vi går på konsert med Lazy, så veit vi kva vi får: kvalitet! Denne kvelden var ikkje noko unntak!

Lazy covrer det meste og har eit vidt repertoar av slagere frå fleire tiår innan country, pop og rock. Denne kvelden fekk vi blant anna høyre Elvis, Tony Carey og The Beatles. Til og med «Sámiid ædnan» klarte å snike seg med.

Høgdepunktet var då bandet spelte «Hey Jude», då stod samtlige i publikum og holdt rundt kvarandre og sang med. Inkludert undertegnede.

Dette var ein bra kveld, med god stemning rundt bordene og på dansegulvet!

Tekst og foto: Renate Aase



/bilder/2018/Lazy_27.07/lazy6.jpg /bilder/2018/Lazy_27.07/lazy5.jpg /bilder/2018/Lazy_27.07/lazy3.jpg /bilder/2018/Lazy_27.07/lazy2.jpg /bilder/2018/Lazy_27.07/lazy1.jpg