Eit nært møte med Åge Sten Nilsen

Åge Sten Nilsen i ei intim og unik setting.

Det er vel ikkje akkurat dempa og intim som er dei første orda ein ville brukt for å beskrive Åge Sten Nilsen, men slik var han då han holdt konsert på Iris Scene torsdag 4. oktober.

Konserten var akustisk der Nilsen byttet på å bruke piano og gitar. Musikalsk gav han oss materiale frå sine soloalbum, Wig Wam, Ammunition, i tillegg til låtar som har betydd mykje for han som artist og menneske. Han var innom artistar som Tom Petty, The Beatles, Rainbow, Kiss, Anne Grethe Preus, og sjølvsagt Queen. Nilsen har jo tross alt turnert rundt i heile 10 år med eit eige Queen-show.

Mellom låtane fortalte Nilsen historer frå eige liv. Vi fekk høyre om oppveksten hans, og om bestemora som faktisk er født i Odda. Han fortalte om draumen om å bli rockestjerne, og om korleis han til slutt gjekk på ein smell. Han forteljer om dei tøffe tidene, men har likevel eit glimt i auge, og han klarer å gjere historia om då han mista lappen humoristisk, for dette var jo tross alt samme dag som dottera fekk førerkortet. Publikum fekk eit nært møte med både artisten og personen Åge Sten Nilsen denne kvelden.

Stemninga var god, og konserten varte i akkurat to timar. Då konserten var ferdig kunne ein høyre publikum snakke saman om at "dette var veldig bra!", "Åh, eg koste meg", "Dette er var ein av dei betre torsdagane her i Odda".  Så, som det sikkert skjønner, så var dette ein heilt topp kveld!

Tekst og foto: Renate Espe Aase



/bilder/2018/Age_Sten_Nilsen/IMG_0948.JPG /bilder/2018/Age_Sten_Nilsen/IMG_0952.JPG /bilder/2018/Age_Sten_Nilsen/IMG_0958.JPG