VideoQuiz, Trio De Grimo og Anders Dahlberg

Travel helg på Iris Scene!

Denne helga var det heile tre arrangement på Iris Scene: VideoQuiz, Trio De Grimo og Anders Dahlberg Band.

Fredagen var det klart for årets 2. VideoQuiz. Quizsjefene Terje Ramsdal og Lars Arne Stenberg hadde nok ein gong laga ein utfordrande, men kjekk quiz. Det var fem lag som var med denne fredagen, og då quizen var ferdig stod det likt mellom dei to øverste laga. Etter ein ekstraomgang som endte 2-3 var det klart at lag 4 var kveldens vinnere. Gratulerer!

Laurdagen var det ettermiddagskonsert med Trio De Grimo (som faktisk er ein kvartett!) på Iris Scene. Stemninga var behagelig då bandet spelte tonar som var inspirert av bla. bossa nova og samba.

Laurdagskvelden var det klart for konsert med Anders Dahlberg & The Serenaders. Dahlberg er for tida ute med si andre plate "Street Serenade". Konserten var nydelig, sjarmerende og ekte. Den fløyelsmjukestemma til Dahlberg passa perfekt til denne laurdagskvelden.

Tekst og foto: Renate Espe Aase



/bilder/2018/56_oktober/43471386_528321804283583_1735756671277334528_n.jpg /bilder/2018/56_oktober/43307259_256096431717912_5128106744295194624_n.jpg /bilder/2018/56_oktober/43357825_310599409738731_3770342168984551424_n.jpg /bilder/2018/56_oktober/43398185_149318072686411_7709802901496922112_n.jpg /bilder/2018/56_oktober/43485819_2206186342999034_3190264083555287040_n.jpg /bilder/2018/56_oktober/43531155_305658513548234_3463839872379256832_n.jpg /bilder/2018/56_oktober/IMG_0994.JPG /bilder/2018/56_oktober/IMG_0986.JPG /bilder/2018/56_oktober/IMG_0995.JPG /bilder/2018/56_oktober/IMG_1010.JPG