Norske Menn i Hus & Hytte

Laurdag 13. oktober var det konsert med Norske Menn i Hus & Hytte på Iris Scene. 

Bandet leverte ein fantastisk konsert med mykje humor. Latteren satt løst og stemninga var på topp. Notoddens eldste (sjølverklærte) boyband føler seg heime Odda, og snakkar varmt om staden. Dette er noko vi oddingar liker, og noko vi kanskje liker meir er når bandet kallar sin eigen heimplass for Notodda! 

Noko som er heilt sikkert er at oddingane konste seg denne ettermiddagen, og som Runar Boyesen sjølv sa: "Hva var det jeg sa gutta, jeg sa jo at dette kom til å bli kjekt! For en respons fra publikum!"

Foto: Christina Solberg



/bilder/2018/Norske_menn_i_hus_og_hytte/43950185_354514588449539_5119398393159876608_n.jpg /bilder/2018/Norske_menn_i_hus_og_hytte/43951983_307780579806933_8249185656400510976_n.jpg /bilder/2018/Norske_menn_i_hus_og_hytte/43952961_894360634091501_75398494478663680_n.jpg