Purple Heep

Fantastisk kveld med musikken til Deep Purple og Uriah Heep!

Laurdag 27. oktober var det konsert med Purple Heep på Iris Scene. Purple Heep er eit tributeband som speler musikken til Deep Purple og Uriah Heep. Bandet har etter kvart blitt ein publikumsfavoritt. Det er ikkje rart, då bandet leverer musikken frå to av 70-tallets største engelske rockeband. Med seg hadde dei Oliver Weers. Han er ein tysk-engelsk heavy metal-vokalist.

Uriah Heep, og særlig Deep Purple er personlege favorittar hos meg. Uriah Heep har eg sett live ein gong, og Deep Purple har eg rukket å få med meg heile 5 gonger. På fyrste konserten var eg 14 år. Det er ikkje utan grunn eg har tatover «Gillan» på venstre handledd. Eg var derfor full av forventningar då eg skulle på konsert denne kvelden.

Eg var spent på kva låtar dei hadde plukka ut, for både Uriah Heep og Deep Purple har ein ganske stor katalog å ta av. Korleis velge mellom alt dette?

Konserten fekk ein pangstart då bandet satte i gang med «Perfect Stangers». Ein kanon start!

Av Uriah Heep fekk vi blant anna høyre «Stealin», «Sunrise» og nydelige «July Morning». Eg sang med for full hals då bandet spelte «Easy Livin’» og «Gypsy».

Bandet spelte fleire låtar av Deep Purple enn Uriah Heep, men sidan Purple er eit av dei banda er rangerer høgast, klager eg ikkje på det.  

Frå Deep Purples katalog fekk vi blant anna høyre «Burn», «Stormbringer», «Wasted Sunsets» og den heilt sjukt fine "When a Blind Man Cries". Videre kom «Lazy». I ein kort periode då eg gjekk på videregående hadde eg «Lazy» som vekkerklokke. Det funka heller dårleg for min del, då første linja låter «You’re lazy, just stay in bed».  Bandet var vågale, og spelte ei av Deep Purples heilt klart beste låtar, «Child in Time». Eg fekk høyre ein av mine favorittar, «Strange Kind of Woman». Deretter kom «Mistreated» og bandet var til og med innom «The Mule». Stemninga var på topp då bande spelte «Highway Star» og «Smoke on the Water».

Konserten var ferdig, men publikum ville ha meir, og vi fekk to ekstralåtar, «Solider of Fortune» og «Black Night».

Utover konserten blei dansegulvet hyppig brukt. Eg derimot, eg er ein «dancin’ fool» og valgte heller å stå i ro, digge og synge med for full hals. Heldigvis overdøvde bandet mi litt sure sangstemme. Dette var ein fantastisk kveld, både for Purple-fans, Heep-fans, dei som hugser rocken frå 70-tallet, dei som skulle ønske dei levde på 70-tallet og dei som kjente det rykket i dansefoten.

Og for å sitere Deep Purples «Gypsy’s Kiss» heilt til slutt:

«Mind, body heart and soul
We got rock and roll
And there's nothing they can do!»

Tekst og foto: Renate Aase



/bilder/2018/Purple_Heep/IMG_2045.JPG /bilder/2018/Purple_Heep/IMG_2047.JPG /bilder/2018/Purple_Heep/IMG_2049.JPG /bilder/2018/Purple_Heep/IMG_2059.JPG /bilder/2018/Purple_Heep/IMG_2073.JPG /bilder/2018/Purple_Heep/IMG_2090.JPG /bilder/2018/Purple_Heep/IMG_2104.JPG /bilder/2018/Purple_Heep/IMG_2120.JPG /bilder/2018/Purple_Heep/IMG_2129.JPG /bilder/2018/Purple_Heep/IMG_2132.JPG /bilder/2018/Purple_Heep/IMG_2136.JPG /bilder/2018/Purple_Heep/IMG_2141.JPG /bilder/2018/Purple_Heep/IMG_2148.JPG /bilder/2018/Purple_Heep/IMG_2172.JPG /bilder/2018/Purple_Heep/IMG_2198.JPG /bilder/2018/Purple_Heep/IMG_2202.JPG /bilder/2018/Purple_Heep/IMG_2207.JPG