Daniel Kvammen sjarmerte Odda

Vi fortenar ein som deg!

Laurdag 17. november var det konsert med Daniel Kvammen på Iris Scene. 

Med sine superfengende låtar har Kvammen virkelig satt Geilo på kartet. I haust har han vore på ein akustisk trioturné. Odda og Iris Scene var det nest siste plassen for denne turneen.

Det var mange som hadde tatt turen til Iris Scene denne kvelden. Å plassere musikken til Kvammen i ein sjanger, synes eg er vanskelig, men det er ein fin krysning mellom pop og visesang. Konserten starta, og Kvammen satte standarden med låtane «Me dansar ikkje for moro skyld» og «Ingen vega utenom». Vidare fekk vi blant anna høyre «Fuck deg, helsing 90-tallet», som er undertegnedes favoritt.

Med sine såre og underfundige tekster følte nok dei fleste i lokalet seg sjarmert i løpet av kvelden. Dette er styrken i låtene hans.

Konserten vart avslutta med radiohitten «Du fortenar ein som meg». Dette endte i allsang frå så å si heile lokalet. Ei flott avslutting på ein nydelig konsert!

Tekst og foto: Renate Aase



/bilder/2018/Daniel_Kvammen/IMG_2450.JPG /bilder/2018/Daniel_Kvammen/IMG_2391.JPG /bilder/2018/Daniel_Kvammen/IMG_2392.JPG /bilder/2018/Daniel_Kvammen/IMG_2395.JPG /bilder/2018/Daniel_Kvammen/IMG_2396.JPG /bilder/2018/Daniel_Kvammen/IMG_2409.JPG /bilder/2018/Daniel_Kvammen/IMG_2420.JPG /bilder/2018/Daniel_Kvammen/IMG_2424.JPG /bilder/2018/Daniel_Kvammen/IMG_2428.JPG /bilder/2018/Daniel_Kvammen/IMG_2446.JPG /bilder/2018/Daniel_Kvammen/IMG_2452.JPG /bilder/2018/Daniel_Kvammen/IMG_2455.JPG /bilder/2018/Daniel_Kvammen/IMG_2463.JPG