Ei helg med mykje liv!

Denne helga har det vore mye aktivitet på Iris Scene, med VideoQuiz, platemesse og årets to første konserter!

VideoQuiz
Fredag 18. januar var det klart for årets første VideoQuiz. Heile sju lag hadde tatt turen til Iris Scene denne fredagskvelden. Quizmasterne, Ramsdal og Stenberg, serverte oss ein variert og god quiz, og stemningen var god rundt bordene. Til slutt var det laget til Paulsen & co som trakk det lengste strået, og vant quizen. 

Platemesse
Laurdagsformiddag var det gjort i stand til platemesse på Iris Scene. Det var mange som tok turen, på jakt etter nokre skatter.  Ein traff på mange lykkelige menn, med kvar sine store hauger med lp-plater. Kor mykje dei hadde svidd av på plater denne formiddagen, var sjølvsagt ikkje eit tema. ;-)

Konsert med Endre Ommundsen og Tuva Lutro
Då platemessa var ferdig, blei det gjort i stand til ettermiddagskonsert med Endre Ommundsen. Iris Scene var fylt opp til randen då Odda-ven, Ommundsen, inntok scena. Første låt vi fekk høyre var "The Man Who Sold the World" av David Bowie. Vidare fekk vi høyre låtar av Nirvana, The Doors, The Beatles og Kim Larsen. Eg satt med følelsen av at eg hadde skrive setlista sjølv og levert til han, for dette var ein konsert etter mitt hjarte. På slutten av konserten kom Oddas lille stjerne, Tuva Lutro, opp på scena, for å framføre eit par låtar saman med Endre. Dette var som forventa heilt nydelig! Tida stod stille då Tuva byrja å synge.

Moonpedro & The Goldfish
Som "Beatles-fantatikar" har eg alltid sagt at eg har eit tips til dei som vil covre The Beatles: Ikkje gjør det! Det er mulig eg må gi Pedro og co løyve til å bryte denne regelen. 

Under navnet Moonpedro & The Goldfish har musiker og forfatter Pedro Carmona-Alvarez, og medprodusent og pianist Einar Sogstad, med band spelt inn ein dekonstruert, leken og eksperimentell versjon av albumet og gitt den tittelen The Beatles Revisited. Bandet prøver ikkje å høyres ut som The Beatles, og det er det som er det geniale.

Det var mange som hadde tatt turen til Iris Scene denne kvelden. Stemningen var god og bandet fekk fleire gonger ståande applaus. Då konserten egentlig var ferdig, fekk vi høyre ekstranummer etter ekstranummer. Vi var høg på Pedro, og mulig han var litt høg på oss også! Ein topp kveld!

Tekst og foto: Renate Aase



/bilder/2019/18_19_januar/50762692_247915022771812_7855010475849809920_n.jpg /bilder/2019/18_19_januar/50138597_1237462649744152_7651267651213197312_n.jpg /bilder/2019/18_19_januar/50439766_538622309961447_7486571263322750976_n.jpg /bilder/2019/18_19_januar/50687300_1216813975174481_2519854241661583360_n.jpg /bilder/2019/18_19_januar/50829552_521010261726215_2144991780989304832_n.jpg /bilder/2019/18_19_januar/50416223_1231651076990493_7563997592250482688_n.jpg /bilder/2019/18_19_januar/50448762_536897273496113_7688592772441309184_n.jpg /bilder/2019/18_19_januar/50609794_374540650007779_5391668550580568064_n.jpg /bilder/2019/18_19_januar/49702431_248925956000670_2122778983228506112_n.jpg /bilder/2019/18_19_januar/50076732_2177823309213675_399680181867905024_n.jpg /bilder/2019/18_19_januar/50302477_229575077947280_3680336537976832000_n.jpg /bilder/2019/18_19_januar/50314568_2260658444219753_4057909848862359552_n.jpg /bilder/2019/18_19_januar/50434698_774149372939771_4121549010647384064_n.jpg /bilder/2019/18_19_januar/50685921_339898103517452_1149311348371357696_n.jpg /bilder/2019/18_19_januar/50866825_1193220744176102_5631362995968802816_n.jpg /bilder/2019/18_19_januar/50914559_401405700627901_718899816507113472_n.jpg /bilder/2019/18_19_januar/50956294_1985279544860249_8091131800505548800_n.jpg