Suksessfull kveld for Ove Aases PopQuiz!

EIN HEIDUNDRENDE SUKSESS, MED STAPPFULLT HUS OG GOD STEMNING PÅ IRIS SCENE!

Då Ove Aase åpnet opp for påmelding til PopQuiz nummer 13, så tok det ikkje lange tida før arrangementet var fullbooket med venteliste. Det er no 6 år sidan den aller første PopQuizen blei arrangert, og quizen er lika populært. No går det til og med rykter om den utenfor Oddas grenser.

Fredag 8. februar var det nok ein gong klart for PopQuiz på Iris Scene. Dette er den 13. i rekka, med 25 påmeldte lag. Nokre av laga er «gamle travere», medan nokre lag var nye. Blant anna «Blind date», som var satt saman folk som ønska å delta, men som ikkje hadde eit lag.

 Det var jamt mellom laga etter første runde. «Blueslaget» leda foreløpig, men «Opplysningen på autopilot», «Rainbows in Heaven and Hell», «Lillebrors Venner», «Lokst Utøve» og «Skalkeskjulet» låg faretruende bak dei. Etter andre runde hadde dette endra seg, og «Lokst Utøve» var i ledelsen. «Rainbows in Heaven and Hell» hadde no gått fra 3. til 6. plass. No gjenstod to medleyer og spørsmåla frå 2000-tallet. 2000-tallet er som kjent eit tiår som dei fleste laga sliter med. Overraskelsen, eller muligens sjokket var stort då eg retta oppgåva til «Rainbows in Heaven and Hell», dei hadde alt rett på dette tiåret. Eg måtte dobbeltsjekke, trippelsjekke, men jo, det stemte! Siste medley var laga til ære for BLU sitt jubileum i desember, så alle artistene byrja då på B, L eller U. Eg syntes eg høyrte antydning til allsang då Limahls «Never Ending Story» blei spilt på anlegget.

 Så var alvorets time kome, og det skulle kåres ein vinnar. Ein kunne se at nokre av laga var nervøse. Hadde dei slått naboen? Leda dei over dei to andre skulane? Ungikk dei sisteplassen? Korleis hadde det gått med «Skalkeskjulet»? Kven var inne på topp tre? Jubelen var stor, men muligens det ikkje var laget som jubla høgast, då «Skalkeskjulet» blei ropt opp som 3. plass med 64 poeng. På 2. plass havna «Rainbows in Heaven and Hell» med 65 poeng! Dette er lagets beste plassering, og etter jubelen og dømme, skulle ein nesten tru at dei hadde vunnet heile greia. På ein suveren 1. plass havna «Lokst Utøve», med heile 69 poeng! Vinnarlaget blir møtt med jubel og applaus, samtidig som Tina Turners «Simply th Best» blir spilt av på anlegget. For i kveld var «Lokst Utøve» simply the best.

 Undertegnede er kanskje inhabil, men quizmasteren og teamet var i toppform, og quizen blei gjennomført med eleganse og streng regi. Vi gler oss allereie til neste gong!

Tekst: Renate Espe Aase
Foto: Viktor Espe Aase



/bilder/2019/PopQuiz_/Februar/51548700_10156257323607606_185216238392180736_n.jpg /bilder/2019/PopQuiz_/Februar/51604639_10156261283422606_7799851288904073216_n.jpg /bilder/2019/PopQuiz_/Februar/51622271_10156265939312606_5894197471017435136_n.jpg /bilder/2019/PopQuiz_/Februar/51648770_10156261279372606_5324032470755049472_n.jpg /bilder/2019/PopQuiz_/Februar/51651199_10156263746977606_3268145983959072768_n.jpg /bilder/2019/PopQuiz_/Februar/51658138_10156265936837606_5969010630173130752_n.jpg /bilder/2019/PopQuiz_/Februar/51689165_1964148030558905_6124804384082624512_n.jpg /bilder/2019/PopQuiz_/Februar/51704652_10156261282667606_2286253912484741120_n.jpg /bilder/2019/PopQuiz_/Februar/51735421_10156265939612606_5908737009056219136_n.jpg /bilder/2019/PopQuiz_/Februar/51751363_10156265936932606_755264887990517760_n.jpg /bilder/2019/PopQuiz_/Februar/51765931_10156265939662606_3424279113299394560_n.jpg /bilder/2019/PopQuiz_/Februar/51781183_10156265936232606_4833762727010762752_n.jpg /bilder/2019/PopQuiz_/Februar/51790075_10156261282997606_8507777957891145728_n.jpg /bilder/2019/PopQuiz_/Februar/51790099_10156265940092606_6728328043145723904_n.jpg /bilder/2019/PopQuiz_/Februar/51871645_569167523585648_886210748559130624_n.jpg /bilder/2019/PopQuiz_/Februar/51958475_10156265939257606_2321622134943645696_n.jpg /bilder/2019/PopQuiz_/Februar/51973103_10156261281987606_1907603629959806976_n.jpg /bilder/2019/PopQuiz_/Februar/52013943_10156265936627606_9021508677021990912_n.jpg /bilder/2019/PopQuiz_/Februar/52029221_10156261280327606_4556687390244077568_n.jpg /bilder/2019/PopQuiz_/Februar/52038573_10156265939277606_215078596245454848_n.jpg /bilder/2019/PopQuiz_/Februar/52093937_1162338510608081_1616811005168320512_n.jpg /bilder/2019/PopQuiz_/Februar/52126740_10156261281487606_1352951669318483968_n.jpg /bilder/2019/PopQuiz_/Februar/52480993_10156265934117606_5422803395574497280_n.jpg