VideoQuiz, konsertar og årsmøte

Nok ei helg med mye liv på Iris Scene er forbi. Her kjem eit lite samandrag og bilete frå helga.

Videoquiz
Fredag var det klart for årets 2. videoquiz på Iris Scene. Det var seks lag som var med denne gongen. Ramsdal og Stenberg hadde nok ein gong laga ein variert, utfordrende og kjekk quiz. Heile vegen var det tett mellom poengsummen til laga, men til slutt var det lag 4 som stakk av med seieren. Laget bestod av Ove Aase, Jan Erik Strand, Berglind Strand og Renate Espe Aase. Undertegnede tok sjølvsagt i mot seieren med den største ydmykhet. Eller?


Odda Jazz Ensemble
På laurdag var det ettermiddagskonsert (eller formiddag for oss som liker å stå opp seint) med Odda Jazz Ensemble på Iris Scene. Det tok ikkje lang tid før lokalet var fullt. Musikken var herlig og leikande. Ein flott start på dagen!


Årsmøte
Laurdagskveld blei dei avholdt årsmøte for BLU. Frank Søfteland var møteleiar og geleidet oss gjennom møtet med stødig kontroll. Det blei ein liten endring i styret. Helge Patterson går av, etter 8 år i styret, og inn kjem Elin Myran. Vi takkar Helge for den ressursen han har vore, og ønsker Elin velkommen. For første gong sidan 90-tallet er vi no 3 damer i styret. Girlpower!

I tillegg blei det delt ut medarbeiderpris for 2018. Denne gongen gjekk denne til to personer: Kjell Arne Moe og Øyvind Mannsåker. Veldig fortjent!


Alvin & gjengen
Då årsmøtet var ferdig stod Alvin & gjengen klar på scenen. Dei blide “gutta” frå Kvam covrer ulike låtar innan pop og rock på sin heilt unike måte. Stemningen var topp!

Tekst og foto: Renate Aase

 


/bilder/2019/veke_8/52602703_337938713596997_796654783447433216_n.jpg /bilder/2019/veke_8/52281367_564609947377251_8719797304766234624_n.jpg /bilder/2019/veke_8/52673020_381209879336256_1819904825886769152_n.jpg /bilder/2019/veke_8/52911266_1003053009885780_7206808084482621440_n.jpg /bilder/2019/veke_8/52830349_217789735757507_7286818317275234304_n.jpg /bilder/2019/veke_8/52590224_250318702537467_5010390473919954944_n.jpg /bilder/2019/veke_8/52685585_422918505112085_4901941067932237824_n.jpg /bilder/2019/veke_8/52803677_310972953103569_656357804117852160_n.jpg /bilder/2019/veke_8/53092851_279246772969609_1060326429226434560_n.jpg /bilder/2019/veke_8/52598255_331879047447609_8904076067761815552_n.jpg /bilder/2019/veke_8/52664532_294127401266600_5385806315358519296_n.jpg /bilder/2019/veke_8/52740112_2181439215505005_439677283855237120_n.jpg