Ein heidersmann

Konsert med Stein Torleif Bjella på kvinnedagen!

På sjølvaste kvinnedagen var det duket for konsert med Stein Torleif Bjella på Iris Scene.  

Etter dei to første låtane, der Bjella hadde fortalt oss om Halling-skarvet, meinte han at det var på tide med ein sang om satan, og spelte «Satan i unge år» frå plata «Vonde visu».

Bjella hadde god kontakt med publikum heile vegen, han spøkte og fortalte anekdoter. Publikum lo då han bytta gitar for andre gong, og sa dei kunne vente seg eit heftig sceneshow, kor på han fortsatte med «Eg har allereie tatt i bruk plystring, eg lovar at det ikkje skjer igjen!». Alt i alt så var stemningen utrolig god denne kvelden, latteren satt laust og det er sjeldan eg har vore på konsert og ledd så mykje!

Bjella fortalte historiar om oppveksten på Ål. At tida før han fekk seg gitar, hadde han som vane å tulleringe frå telefonkioskane. Ein lærar tok affære og kjørte fullt vakthold utanfor telefonkioskene og det blei avhør om dei vart tatt. I konfirmasjonsalder kjøpte Bjella sin første gitar, for ein 50-lapp hos ein nabo. Denne gitaren hadde han med seg og spelte på under kveldenskonsert.

Vi fekk høyre historia om korleis sangen «Tiger på sundretur» vart til.  I teksten høyrer vi linja: «Vakla mellom HÅP og Beijing, dei skulle ha slått seg i lagmed turing og med frelsing so rekk du alt på ein dag.» Kinarestauranten på Ål heiter Beijing House og bedehuset heiter HÅP. Desse låg vegg i vegg. Bjella forteljer humoristisk at han vakla mellom desse to ei stund. I dag er restauranten nedlagt, medan bedehuset ekspanderer.

Som eit fast punkt i Bjellas konserter er det loddtrekning av ei fruktkorg, og denne kvelden av intet unntak. Og, den heldige vinnaren var undertegnede! Det er mulig eg vart litt meir glad for klemmen eg fekk av Bjella enn fruktkorga, men i skrivende stund knaskar eg på druene frå korga.

På siste nummer fortalte Bjella at han trengte hjelp frå nokon i salen. Ein sporty, ung mann meldte seg, utan å vite kva han skulle hjelpe til med. Dette viste at han måtte spille munnspel. Heldigvis for den unge herren, så hadde han litt erfaring med instrumentet frå før av, og det vart ein veldig sjarmerende slutt på konserten.

Då konserten var ferdig, ville publikum ha meir! Bjella kom opp igjen på scena og avslutta kvelden med den nydelige låta «Heidersmenn». For ein fin kveld!

Tekst og foto: Renate Aase



/bilder/2019/Bjella/IMG_3922.JPG /bilder/2019/Bjella/IMG_3926.JPG /bilder/2019/Bjella/IMG_3939.JPG /bilder/2019/Bjella/IMG_3940.JPG /bilder/2019/Bjella/IMG_3944.JPG /bilder/2019/Bjella/IMG_3949.JPG /bilder/2019/Bjella/IMG_3958.JPG /bilder/2019/Bjella/54516170_2411574792210119_3334960509555310592_n.jpg /bilder/2019/Bjella/53566835_386479035511044_24461689881624576_n.jpg