Hyllest til Bjørn Borge

Laurdag 27. april var eit knippe artistar samla på scenen for å hylle den allsidige spelemannen, Bjørn Borge.

Iris Scene var smekkfullt, då artistar som har arbeida og spelt saman med Bjørn Borge opp gjennom åra, var samla på scenen. Konferansier for kvelden var Karl Ystanes, som var kollega med Borge i HF. Dette var ein kveld med gode historiar, latter og musikk. 

Vi fekk høyre historien om då Egil Torheim oppdaga talentet til unge Borge , allereie på barneskolen. Svein Ivar Angell fortalte historiar frå då han og Bjørn spelte saman i duoen "Frode og Ingebrigt" og bandet H.S.D. Til og med Borges tidlegare sjef, "Arne Hesjedal", tok turen opp på scenen denne kvelden, med eit par visdomsord. Eit rørende øyeblikk denne kvelden var då sonen til Bjørn Borge, Lars Borge, framførte "Alvefolket" på hardingfela.

Musikken denne kvelden var variert, og vi fekk bla. høyre musikalske innslag frå Skare Trio, Frode Grytten og Øyvind Terjesen. Kvelden vart avslutta med konsert med H.S.D. Då sang publikum med på tekstane, ein perfekt avslutting!

Dette var ein flott og stemningsfull kveld!

Tekst og foto: Renate Aase



/bilder/2019/Hyllest_Bjorn_Borge/IMG_4130.JPG /bilder/2019/Hyllest_Bjorn_Borge/IMG_4134.JPG /bilder/2019/Hyllest_Bjorn_Borge/IMG_4140.JPG /bilder/2019/Hyllest_Bjorn_Borge/IMG_4145.JPG /bilder/2019/Hyllest_Bjorn_Borge/IMG_4151.JPG /bilder/2019/Hyllest_Bjorn_Borge/IMG_4152.JPG /bilder/2019/Hyllest_Bjorn_Borge/IMG_4155.JPG /bilder/2019/Hyllest_Bjorn_Borge/IMG_4159.JPG /bilder/2019/Hyllest_Bjorn_Borge/IMG_4170.JPG /bilder/2019/Hyllest_Bjorn_Borge/IMG_4177.JPG /bilder/2019/Hyllest_Bjorn_Borge/IMG_4182.JPG /bilder/2019/Hyllest_Bjorn_Borge/59301363_315666745781175_1456388122622296064_n.jpg /bilder/2019/Hyllest_Bjorn_Borge/IMG_4186.JPG /bilder/2019/Hyllest_Bjorn_Borge/IMG_4191.JPG /bilder/2019/Hyllest_Bjorn_Borge/58825779_406905280162436_7609822943383650304_n.jpg /bilder/2019/Hyllest_Bjorn_Borge/IMG_4197.JPG /bilder/2019/Hyllest_Bjorn_Borge/IMG_4204.JPG /bilder/2019/Hyllest_Bjorn_Borge/IMG_4217.JPG /bilder/2019/Hyllest_Bjorn_Borge/IMG_4220.JPG /bilder/2019/Hyllest_Bjorn_Borge/IMG_4223.JPG /bilder/2019/Hyllest_Bjorn_Borge/IMG_4229.JPG