Konsert: Norske Menn i Hus Og Hytte

lørdag

13Oct

Ettermiddagskonsert på Iris Scene.

Laurdag 13. oktober blir det ettermiddagskonsert med "Norske Menn i Hus og Hytte" på Iris Scene. Arrangementet er i samarbeid med Litteratursymposiet i Odda. Billettar kan kjøpes på TicketCo.

Norske menn i hus og hytte er ein Notodden-basert trio med eige materiale på morsmålet. Sjangermessig er hus&hyttefolket ein hybrid, frå den vare visa til pop og tyngre bluesa stoff.

Mange husker nok Runar Boyesen frå årets blueshelg. Han spilte på begge konsertane med Tyssedalkoret i Odda Kinoen, og var Bård Oses eigen "taffel-pianist" under bluesfrukosten. Her kunne han avsløre at bakgrunnen til bandnavnet var at to av medlemma budde i hus, og den siste budde i hytte. 

Vi gler oss til å få Boyesen og resten av bandet tilbake til Odda.

Foto: Halvor Nordal Strand