Blueslaget 25 år

fredag

7Dec

Blueslaget Lokst Utøve fyller 25 år, og det skal feires!

Blueslaget Lokst Utøve vart stifta 8. desember 1993. Målsettinga var den gong, og er framleis å spre bluesmusikken, i tillegg til å støtte og styrke musikkmiljøet i Odda.
Opp igjennom åra har vi arrangert konserter på fleire ulike stader i Odda. Merkus, Sjøhuset, Odda Kino, Hardanger Hotel, telt i sentrum, Tyssedal Hotell, og sjølvsagt Iris Scene, berre for å nevne nokre. Vi har holdt konsertar med både lokale artistar og artistar frå det store utland. Unge, gamle, kjente og relativt ukjente. Med andre ord, så er det mange som har besøkt Odda i løpet av disse 25 åra.

Det er derfor på sin plass at vi skal feire oss sjølv litt denne helga! Og korleis skal vi gjere det? Jo, med musikk sjølvsagt!

Fredag 7. desember

19:00- For medlemmer

21:00- Åpent for alle! På scenen får vi besøk av Vetrhus Bluesband og Frode Grytten. Pris: 200,-

Laurdag 8. desember

13:30- Først vil ein gjeng lokale artister underholde oss: Tuva Lutro, Håkon Widding, Ida Tokheim, Synne Mæland, Renate N. Hauge, Karine Sandvin, Magnus A. Børve og Tommy Tverdal. Til slutt kjem artist Eric Slim Zahl. Arrangementet er gratis.

21:00- Første man på scena er heile Norges bluesambassadør, sjølvaste Kåre Virud. Etter dette vil Alvin & gjengen spele til dans. Pris: 300,-

Alt skjer på Iris Scene!

Bli med på feiringa av våre 25 første år! 

Billetter finner du på TicketCo.