Konsert: Kåre Virud Band

lørdag

8Dec

Kåre Virud kjem laurdagen i jubileumshelga vår!

Laurdag 8. desember blir det konsert med Kåre Virud Band på Iris Scene. Dørene opner 21:00. Billettene finner du på TicketCo.

Kåre Virud, som er vokalist, gitarist, tekstforfattar og komponist, blir ofte omtalt som Norges fremste bluesambassadør. Det var derfor eit veldig naturleg valg å invitere han hit til vårt 25- årsjubileum! I tillegg fyller Virud sjølv 75 år  seinare i desember.

Virud var den første som framførte den amerikanske musikkstilen, blues, med norske tekstar, og ein av dei få som har klart å få Bob Dylan til å høyres norsk ut. Bob Dylan har vore sentral i heile hans musikalske virke. Det var Dylan som gav han tryggheten om at han kunne skrive låtar sjølv.

Han fekk platekontrakt i 1974, og har sidan den gong gitt ut fleire plater og blitt eit kjent og kjært navn innanfor bluesmiljøet.
For å lese meir om artisten, sjå her! 

Foto: Bjørn-Owe Holmberg