Konsert: Shaggy Dogs

fredag

20Sep

Ein konsert du seint vil gløyme!

Fredagen i blueshelga blir det konsert med Shaggy Dogs på Iris Scene. Billettpris: 370,-. Inkludert i prisen er konsert med Sam Outlaw & Lydia Luce. Billettene finner du på TicketCo.

Alle treng ein plass dei kan lade batteriene. For dei som bur i Sør-Paris, og elsker blues og rock, vil valget falle på den legendariske klubben Le Plan som ligg i Ris Orangis. I dette lokalet, som har plass til 150 gjester, kunne ein drikke, ta seg ein matbit samtidig som du såg konserter med kult-band som The Ramones, Motorhead og The Inmates. Dette var plassen kor Shaggy Dogs fekk sine første og sterkaste musikkopplevingar. Dette gav dei mot til å sjølv tørre å satse på musikken.

Det heila starta som ein tribute til Lee Brilleaux, som var leder i Dr. Feelgood. Shaggy Dogs sin reise var starta, og dei reiste flagget for ein energisk og oppriktig rock. Sidan den gong har bandet gitt ut 7 album og turnert i Frankrike og resten av Europa, Canada og Japan. Bandet har samarbeidet med produsent Gary Bromham. Bromham har tidelgare arbeida med artistar som U2, Bjrørk og George Micheal. Bromham såg styrken i den varierte, kurtuelle innflytelsen bandet hadde, og hjalp dei med å framheve dette.

Bandet er alltid fint kledd når dei står på scena. Bli med på ein kveld der du får oppleve både, blues, rock og antydning til punk, saman med ein vill calypso, blanda saman i ein skjønn harmoni! Dette blir noko utanom det vanlege!