Crashville

Publisert av Trine-Mette Berge den 22.03.26.

Crashville – bygdefest på sitt beste

Endelig er pøblene fra Sunnmøre tilbake på Iris Scene i Odda!

Crashville frå Ørsta har på kort tid blitt eitt av Noregs mest populære bygdeband – med fengande låtar om livet på bygda, traktorar og gode, gamle rånebilar. Her er det snakk om rein festmusikk, levert med sjarm, energi og eit solid glimt i auget.

Med låtar som PØBEL, 30-06, Bygdas Rebell og Fredag mekk og øl har bandet reist land og strand rundt, og skapt full allsang og ekte bygdefest-stemning overalt dei kjem. Ørstadialekta og dei jordnære tekstane har treft publikum midt i hjartet – og gjort Crashville til eit ettertrakta namn på både konsert- og festivalscener.

Gjennombrotet kom for alvor med singelen PØBEL, saman med ein ikonisk musikkvideo spelt inn på det legendariske Esso-taket i Ørsta – ein kjent samlingsplass for rånarar på 80- og 90-talet. Låta tok fullstendig av og blei raskt ein favoritt blant bygdefolk og festglade sjeler over heile landet.

På konsert med Crashville kan du forvente:

  • Høg allsangfaktor

  • Rå speleglede

  • Stemning som løfter taket

  • Eit lysshow det gnistrar av

Dette er gutar som elskar bygdelivet, traktorar og slitne Volvo 240-ar – og det merkar du!

Når Crashville rullar inn med den kvite turnébussen sin, er det berre éin ting å gjere: la seg rive med.

Velkommen til ein kveld med fullt trøkk og ekte bygdefest!