Blueslaget lokst utøve
Pa 1990-talet fekk mange nordmenn av ein eller annan årsak interesse for blues. Bluesklubbar vart skipa over hele Noreg, ofte på dei mest uventa stader, bluesmusikk vart rett og slett ein farsott. Dei fleste av desse klubbane kom til etter inspirasjon fra Notodden bluesfestival som ikkje berre vart vitja av bluesinteresserte, men også av generelt musikk- og ikkje minst festinteresserte menneske. Personar som let seg fange av bluesens blå magi og coole image, reiste heim med bakrus og alvorlege planar om å gro flippskjegg og starte bluesklubb. Hallstein Brekke og Terje Ramsdal er to av dei oddingane som vitja festivalen tidleg. Da Brekke og Ramsdal, samt Stein-Egil Legård og Daniel Kambestad, kom attende fra Notodden i 1993, sette dei seg alle ned ved kjøkenbordet til Ramsdal og begynte a legge planar for ein lokal bluesklubb. Andre personar som tidleg kom med i laget er Knut Nistov og Roger Olsson. Hallstein Brekke kom fram med namnet Dyst utøve, eit namn på ein stygg stad i retning Grønsdalsstølen. Det er eit svært godt namn, men etter nokre rundar med diskusjonar kom dei likevel fram til det noko meir forståelege namnet Blueslaget lokst utøve. Lokst utøve er lokalt talemål og tyder rett utfor.
Utom dei nemnde ærverdige herrar, kom det etter kvart til mange flinke folk som på eitt eller anna vis har gjort teneste i laget. Alle kan ikkje nemnast her, men om vi tar med Eva Sjøen, Ivar lnderøy, Ove Aase, Krister Andersson og Tone Mannsåker, har vi nemnt nokre av dei. Og sjølv om Stein Egil Legård er smålåten i høve til eigen innsats, er det vel ingen som vert fornærma om vi trekkjer fram nett han som den store primus motor fra oppstarten og fram til i dag. lkkje berre har han vore leiar i fleire omgangar, han har også vore ein svært dyktig bookingansvarleg og elles fungert som alt-mogleg-mann for laget. Legårds solide arbeid i blueslaget har da ogsa folk merka seg utom musikkmiljøet, i dag er han tilsett som kommunal kulturarbeidar.
Blueslaget lokst utøve vart formelt stifta 8. desember 1993. Like etter sette dei i gong med klubbkveldar. Første offentlege arrangementet var to kveldar med dei lokale heltane Vetrhus Bluesband, og første kvelden med utanbys band gjekk fore seg på Mercur allereie torsdag 24. februar 1994. Den gong stod den kjende gitaristen Michael Osborn på scena med det eminente bandet sitt. Osborn var tidlegare gitarist for sjølvaste John Lee Hooker. Riktig nok var det ikkje blueslaget, men Mercur Cafe som hyra inn Osborn denne kvelden, men blueslaget stilte mann- og kvinnesterke opp og hjelpte til med a gjennomføre arrangementet. Kvelden gjekk strålande med fulle hus og tett stemning, og vart starten pa ei røys med gode lokale bluesarrangement, og ikkje minst den årlege Blueshelga og Miniblueshelga. Publikum strøymde til dei gode arrangementa, og på kort tid vart Blueslaget lokst utøve faktisk den største blueslaget i landet. Berre det første året fekk dei 265 med lemmer. I denne tida gjekk dei ivrigaste medlemmene rundt med medlemskort på baklomma og praia nye medlemmer kor enn dei gjekk. På det meste var dei over 500 medlemmer, men normalen har lege kring 270. I skrivande stund har det nett vore ei lita auke att, dei er no omlag 300 medlemmer.
Blueslaget gjekk tidleg inn for å finne eigne møte-lokale. Dei leita høgt og lågt, og i 1996 kom dei til slutt over ein brukande stad i Eitrheimsvegen. I Eitrheimsvegen heldt dei lagsmøter, platekveldar og quizkveldar, og ikkje minst vart lokalet nytta til samkome for medlemmer og artistar etter konsertar - kall det gjerne nachspiel. Når vi kjem inn pa dette temaet trekkjer Stein Egil Legard fram ei natt med den gamle blueslegenda Louisiana Red: «Konserten med Louisiana Red er ikkje nødvendigvis den beste konserten vi har hatt, men vi hadde jo detta lokalet vårt, og etterpå gikk vi bort der alle mann. Louisiana Red brukte heile natta til a spilla og fortella. Vi hadde jo folk der som skulle pa formiddag, men som ikkje klarte a riva seg laus, de rakk bare sa vidt a springa heimom å henta nisto for de gikk pa arbeid. Den natta e' vel et av de store høgdepunktene på det meir personlige planet fra disse årene.»
Lokalet i Eitrheimsvegen, ofte berre omtala som Blueslokalet, har altså vore flittig brukt. Signaturane på veggene fra ei mengd besøkande artistar og band, vitnar om mykje moro. Blueslokalet var ein sværrt triveleg stad, likevel pressa det seg tidleg fram eit ønske og behov for eit større lokale der ein også kunne arrangerer konsertar. Da smelteverket gjekk konkurs i 2003 var difor blueslaget tidlig ute med å ordne løyve til å ta i bruk det store dicylageret som konsertarena. Blueslaget la ned mykje arbeid og ressursar for a gjere lageret brukande til føremålet. Med si store og fleksible arealflate var dicylageret, etter kvart kalla Blueslageret, godt eigna til å arrangere store konsertar. Det baud til dømes ikkje på noko problem a arrangere konsertar med Hellbillies og Nazareth, som begge trakk rundt I 000 publikummarar. Blueslaget opplevde likevel at staden var bade kald og litt utrivelig. Etter ein time og to med konsert trakk gjerne publikum inn til dei andre utestadene, der det er koselegare og varmare. Etter kvart gav difor blueslaget opp smelteverkets gamle lager, utan at dei dermed gav opp håpet om å skaffe seg eit nytt og større klubblokale med scene. Og endeleg, pa nyåret i 2011 kunne blueslaget flytte fra dei gamle lokala i Eitreimsvegen og inn på gamle Iris Cafe. Den gamle kafeen eigna seg straålande både som lagslokal og konsertarena. Laget utlyste ein namnekonkurranse, og sidan det gamle lris-namnet framleis vekkjer mange gode minner hjå Oddingane, vart Iris Scene kåra til beste namn. Føretaket vert drive som eit A/S med 160 000 aksjar a 100 kroner. Blueslaget eig 100 000 av desse, medan medlemmer og andre har teikna seg for dei 60 000 siste. Det må og nemnast at salet av aksjane gjekk langt betre enn laget hadde rekna med. Salet var faktisk sa godt at blueslaget måtte auke eigen aksjepost for a sikre at dei framleis heldt styring i eige hus.
Denne siste utviklinga fortel om eit lag som heilt fra starten i 1993 har drive profesjonelt, edrueleg (i alle fall økonomisk) og langsiktig. «Det har heila tida vert viktig for oss a bygga opp ein buffer som sikre oss økonomisk, sånn at vi ikkje må til med kronerulling blant medlemmene om noen av arrangementene går med underskudd. Og vi har alltid vært tydelege på at vi vil styra oss sjøI og eiga det vi har skapt» fortel Legard. Denne måtehaldstenking har ogsa spegla arrangementa deira. Om inntektene ikkje har vore som forventa det eine aret, har dei lagt seg noko ned att det neste. Det har aldri vore noko mal å gjære Blueshelga til ein størst mogleg festival der ein set seg i stor gjeld for a trekkje dei alle største og kommersielle namna. Da har blueslaget heller satsa på kvalitet i det vetle formatet, med sentrum som eit lite og oversiktleg festivalområdet. Så har da også Blueshelga blitt ein favoritt blant mange tilreisande bluesentusiastar - ein triveleg festival og møtestad for likesinna.
Med åra har Blueslaget lokst utøve utvikla seg til ei av dei mest solide, lokale foreiningane i Odda. Dei har teke på seg andre oppgaver, som å arrangere 17. mai, eller vore teknisk ansvarleg under litteraturfestivalen Litteratursymposiet. Blueslaget har også eigne prosjekt for ungdom. Dei har arrangert blues-opplæring med tilreisande lærekrefter,og dei har rydda plass til unge band under Blueshelga eller andre arrangement. Dei har også lagt konsertar med gode artistar til musikkundervisninga på ungdomsskulen. Men sjølv om blueslaget har teke på seg andre arrangement, er det framleis musikkformidling og klubbaktivitet som er laget si hovudoppgave. Da laget vart skipa, gjekk det ein Jump-blues-farsott over heile landet. Slike farsottar har ein tendens til a ebbe ut, og Blueslaget lokst utøve ønskjer i dag å utvide arrangementa til også å omfatte andre sjangrar. Det nye blueslokalet Iris scene er på eit vis ein del av denne satsinga. Stein Egil Legard nemner konserten med Tommy Tokyo som eit døme på ein personlig favoritt laget har hyra i seinare tid, og som ligg litt på sida av blues.
Før Legård glid viare rundt i Odda i dei raude Converse-skoa sine, må vi til slutte spørje han om han kan nemne andre personlege favorittar frå desse 18 åra med bluesarrangement. Legård dreg litt på det før han svarar: «Det e' ikkje saå lett, for det har vært så mange. Men eg huske arrangementet med Reidar Larsen og koret Spirit of Love Singers fra Harlem som et tidleg høgdepunkt. Vi hadde søkt kommunen om underskuddsstøtte, derfor matte det bli et alko-holfritt arrangement på Meieriet kulturhus. Vi gikk med underskudd så det sang ette, men det blei ein fantastisk kveld. Vi hadde og ein utrulig kveld med Reidar Larsen og Marius Muller i duo på Slakteriet et år. Det var på ein torsdagskveld, men som ofta i Odda så hadde jungeltrommo gått, og mange hadde ordna seg fri på fredag sånn att de fikk med seg bade vorspiel, konsert og nachspiel - og sånt e' jo litt viktig for Oddingane. Duoen skulle ha 16.000 kroner i honorar, noe som den gang var mye for oss på et torsdags arrangement. Men den kvelden tok det heilt av og vi gikk med et solid overskudd, Vi var og tidlig ute med Omar and the Howlers på Mercur, og med Silver King Band. Gjengen i Silver King Band reiste pa turne med rutebuss og hadde ikkje så mya ant med seg enn instrumenter, ei oppblåsbar planta og ei vifta som vi matte mekka om til norske forhold. Og sa var det veldig kjekt med Steve Harley and The Cockney Rebels i ein meir akustisk setting.»
Og her slutter historien som stod å lese i boka «Rock og Røyk - Rockesoga frå ein industristad» av forfatteren Erlend Garatun Huus. Odding sjølvsagt. Utgitt på Kapabel Forlag i 2011. Teksten er gjengitt med tillatelse fra både forfatter og forlag.
Ovenstående handler om lagets historie fra oppstart og til 2011. Og mye har skjedd siden den gang.
Iris Scene ble som sagt overtatt i 2011 og det ble gjennomført mange gode konserter i tiden laget holdt til der. I 2016 ble det foreslått av ett av medlemmene hvis navn ikke skal nevnes her, at hvorfor ikke kjøpe det gamle containerverkstedet på Smelteverkstomten. Bygget var lagt ut til salgs, men inneholdt da både kafe, frisør og håndverkslokaler. Som igjen ville medføre nok en stor opp-pussingsjobb for medlemmene. Styret gikk etter lange diskusjoner inn for å legge planene fram for medlemmene og aksjonærene i den gang Lokst utøve AS som var driftsselskapet på Iris Scene. Planene og utvidelse av aksjekapital ble vedtatt og da var det bare å brette opp ermene og sette i gang. Høsten 2017 og januar/februar i 2017 ble det jobbet mange tusen dugnadstimer før åpningen i februar 2018. Rod Picott var første artist på den nye scenen. 23. februar 2018. Og siden har det gått slag i slag.
Navnet Iris Scene valgte vi å beholde som navn på arenaen og etter en stund ble navnet til driftsselskapet også endret til; Iris Scene AS. Nå må det jo nok en gang presiseres at bygget og inventaret var eid av Iris Scene AS og med Blueslaget lokst utøve som leietagere og dugnadsutøvere.
For blueslaget var dette ett eventyr. Ingen trapper med bæring av utstyr. En scene som vi selv hadde utformet. Og plass til vel 300, og kanskje litt flere. Med god hjelp av det offentlige har blueslaget etter hvert skapt en scene som lydmessig er av beste kvalitet. Det er bare godord å høre fra artistene.
Det er i løpet av denne tiden gjennomført mange arrangementer i lokalene, alt fra musikk, politisker møter, litteratursymposiet, stand up mm.
Som alle andre arrangører ble også blueslaget hardt rammet av pandemien, men vi greide faktisk å avholde Blueshelga lokst utøve alle årene dog i noe nedskalert utgave. I skrivende stund, 2022, planlegges den 25.utgaven og det nærmer seg. Denne gang i full skala og med preg av jubileums tendenser.
Det jobbes for tiden med en oversikt over alle arrangementer som Blueslaget lokst utøve har arrangert siden 1993. Fortsett å følg oss på hjemmesiden. Plutselig er den der!
Odda, 26.august 2022
Egil Lutro
Ved å trykke på filen under vil du finne styremedlemmer fra 1994 til 2022.
Blå X betyr styret for Blueshelga loks utøve.
Rødt X betyr varamedlem.