Good Time Charlie (Avlyst)

Good Time Charlie

Det norske bandet Good Time Charlie har røtene sine i Sogn og Fjordane og Bergen. Dei har spelt for Blueslaget lokst utøve ei rekke gonger både på klubbkonsertar og på festivalen, og er med det integrert i klubben si historie.

Men historia til dette bandet starta for 40 år sidan, allereie i 1982. Vokalist Arle Hjelmeland har med seg bandet med besetninga som var i 1995 når dei gav ut sitt første album «Coming Down with the Blues».  Mellom anna med Johnny Augland på gitar.  I tillegg er Steinar Karlsen med både som del av bandet og som soloartist.

Dette blir ei jubileums-førestilling for bandet der vi får ein eksklusiv konsert med 1995-besetninga. Det er 25 år + 2 «covidår» sidan Good Time Charlie lanserte «Comin’ down with the blues», ein klassikar i norsk blueshistorie.Dette vert ei feiring av albumet med heile orginalbesetninga på plass. Arle har til og med lova at Davy Crockett kjem til å stå på settlista.

Good Time Charlie 1995-besetning:

Arle Hjelmeland – vokal, munnspel

Johnny Augland – gitar, piano, vokal

Per Fredriksen – trommer, vokal

Leif Korsnes – bass, vokal

Special guest: Steinar Karlsen – gitar, vokal

Det er berre å glede seg!

Detaljer

Dato lørdag 11. november 2023 - 21:00
søndag 12. november 2023 - 02:00
Kalender Åpen kalender

Sted

Navn Iris Scene
Adresse
Smelteverket 121
5750 ODDA